15. mai – 12:00 – 15:00
Vi ynksjer reiselivsbedrifter i Gudbrandsdalen velkomne til Lokalmatdag / minimatmesse på Smak i Lom, 15 mai 2025 kl 12-15
Denne dagen står lokalmatprodusentane i Gudbrandsdalsmat med smaksprøver slik at dykk kan bli kjende med og smake på produkta våre.

Smak lokalmat
Vi i Gudbrandsdalsmat ynskjer at de som driv innan reiseliv og servering i området vårt skal kjenne godt til våre produkt. Vi veit at mange som kjem til vår region ynskjer å smake på lokalmaten, og vi ynskjer gjerne at dykk ser nytta av å ta dei i bruk i dykre mattilbod og formidling.
Denne dagen i Lom skal vere eit treffpunkt mellom produsent og innkjøpar/ kjøkensjef/ reiselivsaktør, slik at vi kan førebu oss på sommaren 2025 og verkeleg få sett Gudbrandsdalen på kartet som den lokalmatregionen vi er!
Besøk Smak i Lom
Og så ynskjer vi at dykk skal bli kjende med den flotte lokalmatbutikken Smak i Lom, som er ein turistattraksjon i seg sjølv!
Velsmakande helsing frå
Anette, Gudbrandsdalsmat
Lise, Smak i Lom
Marit, Visit Jotunheimen